Resultata frå Studiebarometeret 2023 for universitet og høgskular er no lagt ut

Om Studiebarometeret

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking som blir sendt ut til over 70 000 studentar kvar haust. Undersøkinga spør kva studentane meiner om kvaliteten på studieprogramma ved norske høgskular og universitet. Målet med Studiebarometeret er å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning og gi nyttig informasjon om studiekvalitet. På Studiebarometeret.no kan du enkelt:

  • finne studentane sine vurderingar av ulike studieprogram
  • samanlikne resultat mellom ulike studieprogram
  • sjå utvikling over tid for eit studieprogram

Portalen er nyttig for dei som søker på studium, studentar, tilsette ved høgskular eller universitet, og andre med interesse for høgare utdanning. Oppdaterte resultat blir publiserte i portalen i februar kvart år. Studiebarometeret er sett i gang av Kunnskapsdepartementet og blir utført av NOKUT.

Nettportalen

Korleis bruke portalen

Du kan samanlikne studentane sitt syn på kvaliteten ved ulike studieprogram. På framsida kan du finne eit studieprogram ved å søke på namnet på studieprogrammet, ein høgskule eller eit universitet, eller ein studiestad. Søkeresultatet gir deg ein oversikt over alle studieprogram som er med i Studiebarometeret og som er relevante for søket ditt. Frå denne oversikta kan du velje eit studieprogram. Når du har valt eit studieprogram vert indeksverdiane vist øvst på sida, medan resultata for enkeltspørsmål vert vist lengre nede på sida.

På framsida kan du også velje eit fagfelt eller ei underliggande faggruppe i staden for å bruke søkefeltet.

Det er også mogleg å laste ned data frå portalen. Dette kan du gjere ved å legge til studieprogram i «handlekorga», og deretter klikke på «eksporter alle til Excel». Alternativt kan du klikke på «last ned datasett» som du finn nedst på nettsida. Alle datasetta blir lasta ned i Excel-format.

Det er som regel nokre justeringar og endringar i spørjeskjemaet kvart år. Det inneber at nokre spørsmål ikkje kan samanliknast over tid. For meir informasjon om endringar i spørjeskjemaet, sjå «Spørjeskjemaet» lengre ned på denne sida.

Kva informasjon finn du på Studiebarometeret.no?

Studiebarometeret inneheld studentvurderingar av kvaliteten på 1800 studieprogram. Studentane svarar på kvart spørsmål ved bruk av ein skala frå 1-5, der 5 er best. For kvart studieprogram inneheld Studiebarometeret følgande informasjon:

  • Gjennomsnittleg skår per spørsmål, rekna ut frå svara til studentane på dei aktuelle studieprogramma. Resultata blir viste både som indeksar (grupper av spørsmål som heng saman) og for enkeltspørsmål. Les meir om indeksar nedanfor.
  • Detaljerte resultat per spørsmål for kvart studieprogram. Her er svarfordeling, talet på svar og standardavvik.
  • Historiske data for opp til dei fire siste undersøkingane. Vi viser ikkje tidsseriar for program der vi har slått saman svardata.
  • Gjennomsnittsresultata innan same faggruppe/utdanningsgruppe som det valde studieprogrammet høyrer til.
  • Fakta om studieprogramma henta frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Desse er blant anna studiepoeng, studentar totalt, om studieprogrammet tilbyr praksis, undervisingsspråk og organisering (campusbasert, desentralisert utdanning, nettbasert).
  • Lenke til høgskulen, den vitskaplege høgskulen eller universitetet som tilbyr det aktuelle studieprogrammet.

Om terskelverdiar og resultat som er slåtte saman

Terskelverdiar for vising i portalen

NOKUT sine terskelverdiar for å publisere data på portalen er at studieprogrammet har fleire enn 9 som svarar og meir enn 19,5 % svar, eller at studieprogrammet har mellom 6 og 9 som svarar og meir enn 49,5 % svar. Terskelverdiane blir brukte for at tala som blir presenterte skal være robuste, og for å sikre at studentane som har svart på undersøkinga er anonyme.

Samanslåing av årets resultat med fjoråret

Det er mange studieprogram som er svært små, og som difor sjeldan kjem over terskelverdiane. For å auke talet på studieprogram som blir viste på studiebarometeret.no, blir resultat for dei to siste åra lagt saman dersom programmet hadde minst ein som svarte siste året. Om det å slå saman resultata gjer at programmet når terskelverdien, blir resultatet frå programmet vist i portalen.

På studiebarometeret.no informerer vi om resultat som er slåtte saman ved å legge inn teksten «Tala for 2021 og 2020 er slåtte saman, pga. få svarande i 2021». Tal på respondentar og svarprosent er basert på begge åra når tala er slåtte saman. Vi viser ikkje tidsseriar for data som er slåtte saman sidan programma ikkje når terskelverdiane i kvart enkelt år.

På grunn av endringar i spørjeskjemaet kan vi ikkje vise resultat på alle spørsmål når vi slår saman resultat for to år. Dette vert markert med ein strek (-) i staden for ein svarverdi.

Om indeksar

Studiebarometeret inneheld fleire indeksar. Desse indeksane er basert på fleire enkeltspørsmål om det same temaet. Du kan få ei oversikt over kva enkeltspørsmål som inngår i ein indeks ved å klikke på indeksen på resultatsida.

Indeksane er konstruerte som eit gjennomsnitt av resultata for kvart enkeltspørsmål. Det er inga vekting av spørsmåla. Vurderingane av kva enkeltspørsmål som inngår i dei ulike indeksane er basert både på teoretiske vurderingar og statistiske analyser.

I nokre tilfelle er ikkje ein indeks samanliknbar over tid på grunn av vesentlege endringar i spørjeskjemaet. I slike tilfelle vil dette vere tydeleg markert når du veljer alternativet «vis historiske data».

Faggrupper, utdanningsgrupper og berekning av gjennomsnitt

I nettportalen vert studieprogramma gruppert i fagfelt, faggruppe og utdanningsgruppe. Dette er kategoriseringer av studieprogram som er henta frå SSB sin Norsk standard for utdanningsgruppering (NUS). Kvart studieprogram er plassert i NUS-kodeverket. Fagfelt er øvste nivå i NUS, desse fagfelta visast som dei åtte hovudkategoriane på Studiebarometeret si forside. I kvart fagfelt finst det fleire faggrupper, som igjen er delt inn i utdanningsgrupper. I dette kodeverket er programma òg plassert på gradsnivå.

Eksempelvis tilhøyrer 3-årige sjukepleiarutdanningar fagfeltet Helse- sosial- og idrettsfag, faggruppa Pleie- og omsorgsfag og utdanningsgruppa Sjukepleiarfag. Mastergradar i sjukepleiarutdanning er plassert i tilsvarande kategoriar, men på masternivå. Utdanningar på ulike gradsnivå er altså plassert i same fagfelt, faggrupper og utdanningsgrupper, men på ulike nivå. Bachelor sjukepleie har koden 661120, medan master i sjukepleievitskap har koden 761104. Første siffer angjev gradsnivå, andre fagfelt, tredje faggruppe og fjerde utdanningsgruppe. Dei to siste siffera, saman med dei fire første, angjev enkeltutdanninger.

NOKUT mottek informasjon om NUS-kode frå institusjonane og endrar på han berre i tilfelle der det er opplagte feil.

Når tal for eit studieprogram vert vist i portalen, vert òg nasjonale gjennomsnittverdiar for typen utdanning programmet tilhøyrar presentert, på denne måten:

  • Dersom programmet tilhøyrer ei utdanningsgruppe med mange nok program med mange nok svarande, vert snitta vist for utdanningsgruppa til programmet.
  • Dersom det er for få andre program med mange nok svarande i utdanningsgruppa, vert det berekna og  vist snitt for programmet si faggruppe.
  • Dersom det er for få andre program med mange nok svarande òg i faggruppa, visast ingen snittverdiar.
  • For at snittverdi (utdanningsgruppe eller faggruppe) skal visast, må det vera minst 4 studieprogram som oppnår terskelverdiane for vising i portalen.
  • Berre programma (i gruppa) som når terskelverdiane, inngår i berekninga av snittet.

Berre bachelorprogram inngår i berekninga av gjennomsnitt på ei faggruppe/utdanningsgruppe på bachelorgradsnivå - og tilsvarande for mastergradsnivå. Det vil dermed vera ulike nasjonale snittverdiar for ei faggruppe (eller utdanningsgruppe) på ulikt gradsnivå.

Om studentane sin tidsbruk

Studentane gjer eit overslag over tidsbruken sin ved å skrive inn tal i feltet for fri tekst. Dette gjer desse spørsmåla annleis enn dei andre, der det berre er mogeleg å svare innan eit trongare intervall (1-9) eller «veit ikkje». I skjemaet er det ikkje mogeleg å skrive inn tal som er større enn 80. NOKUT har ikkje fjerna ekstremverdiar eller manipulert data på nokon måte.

NOKUT har informasjon om studieprogramma er på heil- eller deltid. Studentar på deltidsprogram vil normalt bruke mindre tid på studiane enn studentar på heiltidsprogram. I portalen gir vi opp kvart program sin «del av heiltid» i samband med informasjonen om tidsbruk.

Om praksisspørsmåla

Kven har hatt praksis?

Vi spør alle studentane om dei har hatt praksis (Ja/Nei) i skjemaet. Berre dei som svarar «Ja» får spørsmåla om erfaringar med praksis.

Praksis gjeld studieprogram med rammeplanstyrte praksisperiodar og/eller rettleia praksis. Praksisen må også være ein del av studieprogrammet, og institusjonen må vere ansvarleg for kvalitet og rettleiing. Dette forklarar vi dei som svarar ved hjelp av ein infoknapp.

Regel for vising av praksissvar i portalen

Ei og same studentgruppe kan ha ulike oppfatningar av kva som er praksis og med det om dei har hatt praksis.

For å sikre oss verdiar berre for studieprogram der studentane faktisk har hatt organisert praksis, brukar NOKUT denne regelen: minimum 6 studentar på eit studieprogram må ha svart på minst 3 av 7 praksisspørsmål. Desse studentane må til saman vere minst 49,5 prosent av studentane som har svart på Studiebarometeret. Altså: minst halvparten av dei som svarar på eit program må ha valt Ja på inngangsspørsmålet «Har du hatt praksisperiode organisert av studieprogrammet ditt?». I tillegg må minst 6 av desse ha svara på minst 3 av 7 spørsmål om praksis. Regelen er testa opp mot annan tilgjengeleg informasjon og er robust.

Program utan data om praksis i portalen

Studieprogram der vi ikkje gir tal om praksis, får teksten «Vi har ikkje (nok) data om praksis på studieprogrammet/programma du har valt.» i portalen. (I samanlikningsmodus kjem i slike tilfelle teksten «Vi har ikkje (nok) data på praksis på studieprogramma du har valt».)

Kvifor har NOKUT oppretta Studiebarometeret?

Den nasjonale studentundersøkinga og nettportalen studiebarometeret.no blir drivne av NOKUT på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Studiebarometeret.no skal gi enkel og brukarvennleg informasjon om opplevd studiekvalitet på studieprogram som blir tilbodne av utdanningsinstitusjonar innan norsk høgare utdanning. Informasjonen skal vere med på å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning og gi studiesøkarar nyttig informasjon for å velje studieprogram og studiestad. Målgruppene for Studiebarometeret er:

  • institusjonar som tilbyr høgare utdanning
  • studiesøkarar
  • studentar
  • myndigheiter
  • andre som er interessert i høgare utdanning

Eitt av NOKUT sine formål er å fremme kvalitet i høgare utdanning. NOKUT skal også bidra til at samfunnet har tillit til kvaliteten i denne utdanninga. Studiebarometeret er eit viktig hjelpemiddel for å spreie kunnskap om studiekvalitet.

Kontaktpersonar i NOKUT

Spørsmål eller kommentarar om Studiebarometeret kan du sende til denne e-postadressa: Studiebarometeret@nokut.no

Du kan kontakte følgande personar:

Ole-Jacob Skodvin

Analysedirektør

Telefon: 21 02 18 29

            

Magnus Strand Hauge

Seniorrådjevar

Telefon: 90 10 34 28

 

Kristoffer Fretland Øygarden

Rådjevar

Telefon: 40 45 50 24

Spørjeundersøkinga

Spørjeskjemaet

Spørjeskjemaet inneheld ei lang rekke spørsmål om studentane si oppfatning av kvaliteten ved ulike sider av studieprogrammet sitt. Spørsmåla er retta mot studieprogramnivået, ikkje emne- eller institusjonsnivået. Med nokre få unntak (valbare batteri) får alle studentane dei same spørsmåla, uavhengig av kva studieprogram og kva institusjon dei tilhøyrer. Spørjeskjemaet er tilgjengeleg på både bokmål, nynorsk, engelsk og nordsamisk.

Spørjeskjemaet kan lastast ned ved å klikke på lenkene under.

Spørjeskjema for 2023:

Spørjeskjema - Studiebarometeret 2023 - Nynorsk

Spørjeskjema - Studiebarometeret 2023 - Bokmål

Spørjeskjema - Studiebarometeret 2023 - Engelsk

Spørjeskjema - Studiebarometeret 2023 - Nordsamisk

Sjå tidlegare spørjeskjema:

Her finn du spørjeskjema for dei førre åra

Om endringar i skjema

Vi har kontinuerleg fokus på å forbetre spørsmåla for å gjere dei presise og enkle. Så langt det er mogeleg vil vi samstundes behalde dei frå år til år for å skaffe eit grunnlag for samanlikning og analyse av utvikling over tid.  Kjernespørsmåla i skjemaet finn du som søylediagram på studiebarometeret.no.

Vår modell er at om lag 3/4 av spørjeskjemaet ikkje blir endra frå år til år, medan om lag 1/4 kan endrast. Dette blir gjort ved at heile sett av spørsmål blir tekne ut og inn, avhengig av kva vi ønsker å fokusere på. Eit slikt system med skiftande sett av spørsmål, gjer også at vi kan stille ein del av dei same spørsmåla med ulike årlege mellomrom.

Endringar blir gjort i samråd med sektoren, blant anna gjennom referansegruppa. I 2015 bidrog ei arbeidsgruppe, med tre deltakarar frå UHR, til endringar i skjemaet, blant anna med tanke på større nytte i kvalitetsarbeidet ved institusjonane.

Vi validerer også dei nye spørsmåla ved hjelp av fokusgruppeintervju med studentar og eigne elektroniske spørjeundersøkingar. Typisk testar vi fleire variantar av same spørsmål, og samanliknar svarfordelinger og kommentarar studentane avgir i fritekstfelt og i intervju.

Endringar i 2021

I Studiebarometeret 2021 er det gjort følgande endringar samanlikna med 2020

  • Spørsmål om fysisk læringsmiljø og infrastruktur blei lagt inn igjen i spørjeskjemaet
  • I 2021 var det fortsatt en situasjon der samfunnet var prega av koronapandemien, og ein stor del av populasjonen til Studiebarometeret har berre opplevd å være studenter under desse forholda. Spørsmåla er annarleis enn spørsmålene i 2020 fordi desse i hovudsak handla om det som skjedde i samband med lockdown i vårsemesteret 2020. I 2021 er det lagt inn spørsmål om nettbasert undervising og fysisk og sosialt læringsmiljø under koronapandemien.
  • Det er inkludert eit spørsmålsbatteri om læringsutbytteskildringar. Resultata frå dette batteriet blir nytta i NOKUT si pågåande evaluering av Nasjonalt kvalitfikasjonsrammeverk.

Endringar i 2020

I Studiebarometeret 2020 er det gjort følgande endringar i spørjeskjemaet samanlikna med fjoråret:

  • Spørjeskjemaet inneheld ei rekke spørsmål om koronasituasjonen og korleis dette har påverka studiekvardagen. Desse spørsmåla er utvikla av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) i samarbeid med NOKUT.
  • Det er eitt spørsmålsbatteri om praksis (praksis blei dekket ekstra breitt i 2019 med mange ekstra spørsmål). Spørsmålsbatteriet er nytt og dermed ikkje samanliknbart med 2018 og tidlegare. Endringa av dette spørsmålsbatteriet er basert på erfaringane vi gjorde oss da vi dekka batteriet ekstra breitt i 2019.
  • Nokre få av dei faste spørsmåla er tekne ut i 2020 for å unngå at den totale lengden på spørjeskjemaet blei for stor, med tanke på at vi måtte gjere plass til mange ekstra spørsmål om koronapandemien.

Endringar i 2019

I Studiebarometeret 2019 er det gjort følgande endringar i spørjeskjemaet, samanlikna med året før:

  • Spørsmåla om erfaringar frå vidaregåande skule og overgangen til høgre utdanning er tekne ut.
  • Fleire nye spørsmål om praksis er lagt til, inkludert nye inngangsspørsmål, «faktaspørsmål» som måler aspekt ved praksis ut over studentane si tilfredsheit, og nye tilfredsheitsspørsmål. Tilfredsheitsspørsmåla om praksis i årets skjema er delte inn i tre batteri: organisering av praksis, rettleiing undervegs i praksisperioden, og fagleg innhald i praksisperioden og samanheng med studieprogrammet.
  • Spørsmålsbatteriet om tilknytning til arbeidslivet er endra ein del. Nokre spørsmål er fjerna, medan andre er erstatta med fleire, meir presise spørsmål. For eksempel er det inkludert tre spørsmål om samarbeid/kontakt mellom utdanningsinstitusjonen og arbeidslivet i 2019, der det i 2018 kun var eitt.

Endringar av spørsmål, nye spørsmål og nye tema er basert på innspel frå sektoren, Studiebarometeret si referansegruppe og NOKUT sine egne innspel og analyser. Forslag til nye spørsmål blir testa både kvalitativt og kvantitativt før dei eventuelt vert tekne inn i spørjeskjemaet. Den kvalitative testinga består av fokusgruppeintervju med studentar. Den kvantitative testinga består av spørjeundersøkingar til nokre tusen studentar med påfølgande analyse av svara. Både den kvalitative og kvantitative testinga gir verdifull informasjon. På bakgrunn av denne informasjonen blir forslag til nye spørsmål anten behaldt som dei er, justert eller forkasta.

Endringar i 2018

I Studiebarometeret 2018 er det gjort følgande endringar i spørjeskjemaet, samanlikna med året før:

  • Spørsmåla om internasjonalisering er tekne ut.
  • Fleire spørsmål om erfaringar frå vidaregåande skule og overgangen til høgare utdanning er lagt til.
  • Spørsmåla om undervisning, medvirkning og tilknytning til arbeidslivet (tidligare kalla «yrkesrelevans») er forbetra. Forbetringane består både av at nokre enkeltspørsmål er bytta ut, og at nokre spørsmål har fått justeringar i formuleringa.
  • Dei to spørsmåla om «mål til karakterar» er tekne ut.
  • Tilfredsheit med tilbakemelding og rettleiing er teke inn som eit eige spørsmålsbatteri.

Endringar av spørsmål, nye spørsmål og nye tema er basert på innspel frå sektoren, Studiebarometeret si referansegruppe og NOKUT sine egne innspel og analyser. Forslag til nye spørsmål blir testa både kvalitativt og kvantitativt før dei eventuelt vert tekne inn i spørjeskjemaet. Den kvalitative testinga består av fokusgruppeintervju med studentar. Den kvantitative testinga består av spørjeundersøkingar til nokre tusen studentar med påfølgande analyse av svara. Både den kvalitative og kvantitative testinga gir verdifull informasjon. På bakgrunn av denne informasjonen blir forslag til nye spørsmål anten behaldt som dei er, justert eller forkasta.

Endringar i 2017

Storparten av spørjeskjemaet er uendra frå året før. NOKUT gjorde likevel ein del endringar, basert på eigne validitetsanalyser og innspel frå institusjonane og Studiebarometerets referansegruppe. Basert på innspela utarbeida NOKUT nye spørsmål og gjennomførte ei todelt validering av dei nye spørsmåla, i form av ei elektronisk spørjeundersøking blant studentar (670 svarande) og to fokusgruppeintervju av studentar. Valideringa var verdifull og medførte fleire justeringar. I sum er skjemaet cirka like langt som i 2016, og kortare enn i 2015.

Følgande, større endringar blei gjort:

  • Norgesuniversitetet og NOKUT har utvikla eit nytt spørsmålsbatteri om bruk av digitale verktøy og hjelpemiddel i utdanninga. Spørsmåla kan ikkje samanliknast med dei frå året før. I fjor var det òg ei tilleggsundersøking, "Digital tilstand", for interesserte studentar. Den blei ikkje vidareført i år.
  • Proba samfunnsanalyse blei i 2017 tildelt et oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Ein del av oppdraget var å gjennomføre ein kartlegging av kva barrierar personar med nedsett funksjonsevne (inkludert lese- og skrivevanskar) møter på universitet og høgskular. Det var planlagt å gjennomføre ei spørjeundersøking blant studentar hausten 2017. NOKUT og Proba samfunnsanalyse vedtok å samarbeide om datainnhentinga. Undersøkinga er integrert i Studiebarometeret, i form av ein tilleggsdel. I spørjeskjemaet vil studentane få eit spørsmål om dei er viljuge til å få ei spørjeundersøking om dette temaet.
  • Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU) og NOKUT har utvikla fleire spørsmål om internasjonalisering. Spørsmåla er nye og erstattar spørsmåla frå i fjor. Vi tek sikte på å gi innsikt i fleire tema; a) kva slags bakgrunn dei internasjonale studentane har, b) korleis studentar med erfaringar frå utveksling opplevde dette, c) korleis studentar med erfaringar frå andre utanlandsopphold opplevde dette, d) korleis studentane opplever moglegheitene for, informasjonen om og deira motivasjon for utveksling etc. Studentane blir "routa" til eitt (eller i nokon tilfelle to) av punkta a-d, basert på kva dei svarar på to inngangsspørsmål. I tillegg får alle studentane spørsmål om omfang av og synspunkt på ulike sider ved internasjonalisering. Nokon av svardataa er primært tenkt å være interessante på nasjonalt nivå, ambisjonen er ikkje å få data på programnivå. Dette pga. det forventa låge talet på respondentar på dei fleste programma. Aktiveringane (routinga) i Internasjonaliserings-batteria gjer at – kort fortalt – dei fleste respondentane berre vil få dei 8 spørsmåla om «Moglegheiter for utveksling» og dei (maksimalt) 11 spørsmåla om «Internasjonalisering i studieprogrammet du går på no». Personar som har vore på studentutveksling får fleire spørsmål, mens internasjonale studentar får færre.
  •  Innføring av valbare batteri. Kvar institusjon kan i 2017 velje ingen, eitt eller to av følgande batteri:

A) Omfang av tilbakemelding og rettleiing

B) Tilfredsheit med tilbakemelding og rettleiing

C) Bruk av undervisings- og arbeidsformer

D) Bidrag undervisings- og arbeidsformer

  • De to første batteria har berre vore med i 2015-versjonen av spørjeskjemaet. Dei to siste har vore med dei tre siste åra (i noverande form). For institusjonar som IKKJE vel nokon av desse fire batteria, vil skjemalengda bli redusert ift. i fjor. For dei som vel blant batteria vil skjemalengda bli omtrent lik

  • Batteriet Studie- og læringsmiljø er delt i to, men spørsmåla består (unntatt spørsmålet om «Studieadministrasjon og informasjon». Dette inngår no i ei anna form i Organisering av studieprogrammet.
  • Det er innført eit nytt batteri med fire spørsmål om Organisering av studieprogrammet.
  • Batteriet Eksamens- og vurderingsformer, er døypt om til Vurderingsformer og endra kraftig. Berre to av dei fem spørsmåla frå 2016 er behaldt, medan det er introdusert fire nye spørsmål.
  • Tidsbruk: Vi har endra innhaldet i parentesen bak "Eigenstudiar" frå "(inkl. frivillig studiearbeid med andre studentar)" til "(lese pensum, gjere oppgåver, delta i kollokvier og anna gruppearbeid, etc.)".

Endringar i 2016

Storparten av spørjeskjemaet blei ikkje endra i 2016. NOKUT gjorde likevel nokre endringar, bygde på eigne validitetsanalysar, innspel frå institusjonane og Studiebarometeret si referansegruppe. Nokre spørsmål gjekk ut, andre inn. I sum er skjemaet noko kortare enn i 2015.

Følgande, større endringar blei gjort:

  •     Vi hadde eit pilotprosjekt med Norgesuniversitetet, der vi inkluderte eit sett spørsmål om teknologi i utdanninga. I tillegg tilbydde vi respondentane å svare på fleire spørsmål frå Norgesuniversitetet sin "Digital tilstand" via ei eiga lenke (sjå under sett 16 med spørsmål i skjemaet).
  •     Vi inkluderte eit sett med spørsmål om internasjonalisering. Spørsmåla blei utvikla i dialog med SIU. Desse spørsmåla måler i stor grad omfang, ikkje opplevd kvalitet som dei fleste andre spørsmåla i skjemaet. Dei bør derfor ikkje samanliknast direkte med dei andre spørsmåla.
  •     Dei to store gruppene med spørsmål om "omfang av tilbakemelding og rettleiing" og "tilfredsheit med tilbakemelding og rettleiing" blei tekne ut. Settet "viktigast for mi overordna vurdering" blei også tatt ut.
  •     Spørsmåla om "studentane sine forventingar til studiet" frå 2015 blei endra til "(studentane si oppfatning av) forventingar frå dei fagleg tilsette".
  •     I batteriet yrkesrelevans blei det gjort nokre endringar, som gjer at indeksverdien jamt over er lågare enn åra før. Vi tok med spørsmålet "Har godt samarbeid med arbeidslivet". Vi slo saman dei to spørsmåla om kunnskap og ferdigheiter til "Gir kompetanse som er viktig i arbeidslivet". Vi meiner indeksen no er betre og dekker større område av yrkesrelevans.
  •     Indeksen som før heitte «Engasjement» heiter no «Inspirasjon». I berekninga av indeksverdien (i portalen) har vi no ikkje lenger med spørsmålet "Er sett saman av emne som heng godt saman". Vi har –  i berekninga – lagt til spørsmålet "Bidreg til min motivasjon for studieinnsats". Dette spørsmålet har vi alltid hatt med, og nye verdiar for indeksen er berekna for alle år.

Endringar i 2015

I spørjeskjemaet for 2015 blei følgande, større endringar gjennomførte:

  • Tre sett med spørsmål blei fjerna: «Bakgrunn for val av studieprogram», «Utvekslingsopphald i utlandet» og «Arbeidet sin relevans (om «...arbeidet ditt er relevant for utdanninga»)».
  • Fire sett med spørsmål blei inkluderte: «Omfang av tilbakemelding og rettleiing», «Tilfredsheit med tilbakemelding og rettleiing», «Forventingar» og «Viktigast for overordna vurdering av studieprogrammet».
  • Tidsbruk, tre spørsmål blei fjerna: «Studiar totalt», «Ubetalt arbeid i tilknyting til studiar» og «Anna ubetalt arbeid».
  • Studie- og læringsmiljø, to spørsmål blei lagde til: «Miljøet mellom studentane og dei fagleg tilsette» og «Studieadministrasjon og informasjon».
  • NOKUT har endra omgrepet «Faglærarane» til «Fagleg tilsette», og gjort tydelegare (i hjelpetekst) omgrepet: «Med fagleg tilsette meiner vi faglærarar, studentassistentar, laboratorieassistentar og andre fagleg tilsette som bidreg i undervisninga.»

Populasjonen

Deltaking i den nasjonale studentundersøkinga er frivillig for institusjonane og studentane. Målet vårt er at alle studieprogram på bachelor- og mastergradnivå med lengd på minst tre semester skal vere med, inkludert 4-, 5- og 6-årige profesjonsutdanningar som grunnskulelærar, 5-årige lektorprogram, sivilingeniørutdanning, medisin, veterinær med fleire.

Undersøkinga omfattar så og seie alle norske institusjonar som har bachelor- og/eller mastergradprogram. Nokre få små private institusjonar og dei militære høgskulane deltek ikkje.

Undersøkinga går årleg ut til 2. års bachelorstudentar, til 2. års masterstudentar og til 2. og 5. års studentar på mastergradutdanningar som er fem år eller lenger. Også studentar på 4-årige lærarutdanningar er med på undersøkinga. Studentar som er i permisjon er ikkje med.

Kvart år spør vi studentar som er inne i sitt 2. (5.) studieår på studieprogrammet, dette er altså ingen følgestudie.

Hausten 2021 var om lag 74 000 studentar fordelt på om lag 1 800 studieprogram invitert til å delta på undersøkinga.

Gjennomføring

Undersøkinga blir gjennomført kvart år i oktober – november. Resultata frå undersøkinga blir tilgjengeleg på studiebarometeret.no i byrjinga av februar kvart følgande år.

NOKUT hentar inn studentane sin kontaktinformasjon og data om kva studieprogram dei høyrer til frå institusjonane. Lenke til den enkelte student sitt eige spørjeskjema blir spreidd via e-post og SMS. I tillegg kan studentar logge på sitt skjema med hjelp av passord på lenker som blir spreidde på læringsplattformer som Fronter og It’s learning, og via sosiale medium som Facebook. Det går an å svare på undersøkinga på både datamaskin, nettbrett og smarttelefon.

Etter datainnhentinga blir svara bearbeida, kvalitetssikra og tilrettelagt for publisering.

Svarprosent

I 2021 svarte omtrent 30 000 studentar på Studiebarometeret, noko som utgjer 41 prosent av populasjonen. Svarprosenten for tidlegare år varierer mellom 42 og 49 prosent.

På institusjonsnivå varierer svarprosenten mykje. I 2021 varierer den frå 85 prosent til 29 prosent for alle institusjonar med fleire enn 100 studentar. Dei største institusjonane ligg som rundt 40 prosent.

På resultatsidene vert andel og talet på svarande vist for kvart enkelt studieprogram.

For studieprogram med få som svarar siste år slår vi saman resultata frå det nest siste året. Ein del av desse vil då få mange nok svar samanlagd til å kunne visast i nettportalen.

Vidareutvikling

NOKUT arbeider heile tida med vidareutvikling og betring av gjennomføringa av den nasjonale studentundersøkinga og studiebarometeret.no.

Vi set pris på alle innspel til forbetringar! Spørsmål eller kommentarar om Studiebarometeret kan sendast til denne e-postadressa: Studiebarometeret@nokut.no