Fagskuleundersøkinga

HK-dir skal bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget om utdanningskvalitet ved å innhente informasjon om fagskulestudentane sitt syn på utdanningskvalitet. Studiebarometeret for fagskulestudentar vart gjennomført for første gong i 2017.

Neste undersøking vert gjennomført frå 8. april til 6. mai 2026. 

Formål

Formålet med undersøkinga er å gi lærestader, studentar, studiesøkjarar, myndigheiter og andre aktørar informasjon om studiekvalitet i fagskulesektoren.

Utval og spørjeskjemaet

Utvalet for undersøkinga i 2024 inkluderte alle fagskulestudentar som hadde studert meir enn eitt semester og til enkelte fagskulestudentar som var i sitt første studiesemester. Totalt inngjekk omtrent 23 000 studentar frå 56 fagskular og ca. 800 utdanningstilbod i populasjonen.  

Spørjeskjemaet bestod av om lag 100 spørsmål, som primært handla om studentane si oppfatning av studiekvaliteten på studieprogrammet sitt. Vi spurte blant anna om synspunkt på studie- og læringsmiljø, undervisning og rettleiing og arbeidslivsrelevans. I tillegg dekka vi dimensjonen studentinvolvering ved at studentane fekk ein del spørsmål om motivasjon, studieinnsats og forventningar. Det same skjemaet vart sendt til alle studentar, uavhengig av type utdanningstilbod.  

Spørsmåla vart i all hovudsak svara på ved hjelp av ein fem-delt skala (frå «Ikkje tilfreds» til «Svært tilfreds», frå «Ikkje einig» til «Heilt einig» eller frå «I litan grad» til «I stor grad») med ein veit ikkje-kategori. Unntaka er bakgrunnsspørsmåla om studenten (kjønn, arbeids- og utdanningserfaring mm), spørsmåla om studieinnsats, der ein skriv inn timetal, spørsmåla om undervisnings- og arbeidsformer og spørsmål om val av studium. 

Spørjeskjemaet finst her: 

Spørreskjema 2024 fagskoleundersøkelsen - bokmål

Spørreskjema 2024 fagskoleundersøkelsen - nynorsk

Spørreskjema 2024 fagskoleundersøkelsen - engelsk

Studiebarometeret.no

Resultata frå fagskuleundersøkinga vert publisert under ei eiga fane i nettportalen Studiebarometeret.no. All informasjon vert behandla konfidensielt, og det vert ikkje offentleggjort data som gjer det mogleg å identifisere den som svarar. 

Kontaktpersonar ved institusjonane

Dersom institusjonen opprettar ny kontaktperson, ber vi om at namn, e-postadresse og telefonnummer vert sendt til Studiebarometeret_fagskole@hkdir.no snarast. Institusjonar kan ha fleire kontaktpersonar.

Kontaktpersonar i HK-dir

Rikka Kjelkenes: Rikka.Kjelkenes@hkdir.no