Resultata frå Studiebarometeret 2023 for universitet og høgskular er no lagt ut

Korleis bruka nettportalen

Portalen inneheld resultat frå dei nasjonale studentundersøkingane og den nasjonale undervisarundersøkinga.

Undervisingsundersøkinga vart gjennomførd for første gong i full skala i 2017.

Nedanfor finnar du informajon om korleis du kan bruka Studiebarometeret.no.

Studentundersøkingane

Her kan du samanlikna synet til studentane på kvaliteten ved ulike studieprogram. På forsida kan du finna studieprogram ved å:

  • Bruka søkefeltet og skriv namnet, eller deler av namnet, på programmet. Du kan òg skriva namn på høgskule/universitet eller ein studiestad, då vert programma som tilhøyrer institusjonen/studiestaden vist.   
  • Velja eitt av dei åtte fagfelta (med grafiske symbol) eller ei av dei underliggjande faggruppene.

Søkeresultatet gjev deg oversyn over alle studieprogram som passar med søkekriteria dine. Klikk på studieprogramnamnet for å sjå resultata til studieprogrammet. Indeksverdiane vert vist øvst på sida, resultat for einskilde spørsmål finn du ved å rulle nedover sida. Svarskalaen går frå 1–5, med 5 som beste score.

Avgrens søket ditt

Du kan avgrensa søket ved å velja i menyen på venstre side. Studiestad (campus) kan berre veljast dersom institusjon (høgskule/universitet) er vald først. Hugs å trykk på Oppdater søk.

Samanlikn studieprogram

For å samanlikne trykkar du Legg til samanlikning til høgre på søkeresultatsida. Programma du vel leggjast til "Mine valde studieprogram". Du kan velja så mange studieprogram du ynskjer, men berre samanlikne tre om gongen i nettportalen, ved å trykkja på "Samanlikne".

Når du legg program til, opnar det seg ei "handlekorg". Her kan du leggja til så mange studieprogram du ynskjer og lasta ned dataa for så mange program du ynskjer til Excel.

Tidsseriar

Du kan få fram tidsseriar ved å haka av i boksen Vis historiske data til høgre på sida med svardataa. Føresetnaden er at berre eitt studieprogram er vald og at programmet har mange nok svar i kvart av åra det kan finnast data for.

Svarfordeling og standardavvik

Du kan få fram svarfordeling, talet på svarande og standardavvik på kvart einskilt spørsmål for eit studieprogram ved å klikka på lenkja under søylediagramma. Dette førutset at berre eitt studieprogram er vald, og at programmet har mange nok svar.