Studentundersøkinga (høgskular og universitet) 2019 er ferdig - vert publisert 29. januar.

Last ned datasett

Her kan du få tilgang til data frå dei to spørjeundersøkingane. For Studiebarometeret for universitet/høgskular og fagskular vert det gitt data for kvart enkelt studieprogram; for undervisarundersøkinga vert det gitt data for kvar utdanningstype per institusjon.

Undervisardata kan ikkje brytast ned på programnivå pga. få respondentar på kvart program og fordi det i mange tilfelle ikkje er eintydig ved kva for eit program ein tilsett er knytt til.

Datasett for Studentundersøkinga

Dataa finst for kvart enkelt studieprogram. Datasetta inneheld:

  • Dei same dataa som vert vist i nettportalen; primært gjennomsnittstal for kvart studieprogram
  • Data frå siste år, med unntak av studiar med samanslåtte data
  • Svarskalaen går, med få unntak, frå 1–5, med 5 som beste score

For nokre program med få svarande siste år, visast tal slått saman med året før. Meir informasjon om dette lenger ned på sida. Klikk lenkja under for å lasta ned:

Programdata Studiebarometeret 2018 

Dataa har studieprogram som observasjonseining. Berre siste års data er tilgjengeleg. Studieprogram med få svarande siste år har vorte slått saman med data for året før, dette indikerast med verdien "1" i variabelen appendert. Verdien "1" i variabelen terskel indikerer at det er mange nok svarande for eit program (etter eventuell samanslåing over 2 år) til at vi viser data i portalen og dermed i reknearket.

Meir informasjon om variablane i datasettet:

Kodebok for Studiebarometeret 2018 - NYN

 

Datasett for Fagskuleundersøkinga

Dataa finst for kvart enkelt studieprogram. Datasetta inneheld:

  • Dei same dataa som vert vist i nettportalen; primært gjennomsnittstal for kvart studieprogram
  • Data frå siste år, med unntak av studiar med samanslåtte data
  • Svarskalaen går, med få unntak, frå 1–5, med 5 som beste score

For nokre program med få svarande siste år, visast tal slått saman med året før. Meir informasjon om dette lenger ned på sida. Klikk lenkja under for å lasta ned:

Programdata Studiebarometeret for fagskular 2019

Dataa har studieprogram som observasjonseining. Berre siste års data er tilgjengeleg. Studieprogram med få svarande siste år har vorte slått saman med data for året før, dette indikerast med verdien "1" i variabelen appendert. Verdien "1" i variabelen terskel indikerer at det er mange nok svarande for eit program (etter eventuell samanslåing over 2 år) til at vi viser data i portalen og dermed i reknearket.

Meir informasjon om variablane i datasettet: 

Variabelnavn Studiebarometeret for fagskular 2019

Datasett for Underviserundersøkinga

Underviserundersøkinga 2017

 

Viktig og nyttig informasjon

Bruk av Excel

Dataformat for eksport er det opne formatet "csv", som t.d. Excel tolkar. For tilpassing av kolonnebreidder kan følgjande gjerast: trykk CTRL + A to gonger, dobbeltklikk mellom t.d. kolonne A og B. Då vert breidda tilpassa på alle cellene..

Publisering av data

Den som nytter data pliktar å referera til produsent og distributør av dataa ved å skriva følgjande i forord eller fotnote i eventuelle publikasjonar:
”(Ein del av) dei data som er nytta her er henta frå Studiebarometeret (2018). Undersøkinga er finansiert av Kunnskapsdepartementet (KD). Data i anonymisert form er stilt til disposisjon av NOKUT gjennom NSD - Norsk senter for forskingsdata AS. Verken NOKUT, KD eller NSD er ansvarleg for analysen av dataa, eller dei tolkingane som er gjort her.”

Vi gjer oppmerksam på at det er systematiske skilnader mellom studieprogram i ulike fagområde, ei samanlikning bør difor helst verta gjort av like, eller relativt like, studieprogram.

Jo færre svarande eit studieprogram har, jo mindre robust er dataa.

Vidare vil vi understreka at opplevinga til studentane av utdanningskvalitet er éi kjelde til informasjon og bør difor ikkje sjåast på som den fulle sanninga. Andre perspektiv, til dømes synspunkta til lærarane og registerdata seier òg noko om utdanningskvalitet.